Telefon:

(+47) 926 17 791

E-post:

post@idaekroll.com

Nettside:

www.idaekroll.com

Ida Ekroll

Som designer er eg oppteken av å involvere menneske og den kompetansen dei sit på inn i prosjekta mine, eg vil designe med menneska og ikkje for dei. Min designfilosofi handlar om openheit og deltaking, det gir meg meining i arbeidet som eg gjer som designar og er verdiskapande for både prosjektet og faget.

Eg har teke både bachelor og mastergrad her på Kunsthøgskolen i Oslo, vore eit semester på School of Visual Arts i New York, hatt utplassering på fleire bedrifter og vore studentrepresentant i Grafills faggruppe for grafisk design. Samman med Thomas Kjellberg og Mats Omland starta eg designkollektivet Trollmannens Læregutt, eit prosjekt der vi arbeida som eit studio parallelt med første året på masteren.

I masteroppgåva mi, «Innkalling til dugnad!» viser eg korleis utgangspunktet for design sjeldan er ei konkret problemstilling, men ofte ei floke av ulike problem. Floka kan bestå av store og mindre problem, men den må løysast opp for at vi skal sjå dei tydeleg og forhalde oss til dei. På denne måten vert oppgåva mi ikkje drive av problemet i utgangspunktet, men av oppdagingane i prosessen. Eg har utforska ulike måtar for deltaking og andre si involvering i prosjekta mine og utvikla ei metode for å løyse opp i flokene og re-definere briefen saman med kunden. Dugnadsmetoden går ut på folkeleggjere designprosessen slik at vi kan vi løyse opp floka saman. Ved å gjere kunden til deltakar kan eg invitere dei inn i designprosessen og gjere dei i stand til å kome opp med eigne designidear. I ein dugnad møtes deltakarane ansikt til ansikt, utfører felles arbeidsoppgåver kombinert med sosiale innslag. Dugnaden annerkjenn kompetansen rundt oss i samfunnet og handlar om kva vi kan gjere her og no med dei ressursane vi har tilgjengelege. Slik vil eg også arbeide med design.

Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll Ida Ekroll